Effektstudie

Barneøye, et barn titter gjennom vindu i dukkehus. Foto

STUDIE
Cluster randomisert kontrollert effektstudie (C-RCT). Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell. Innovativt opplæringsprogram

PUBLISERING
Pågåande studie

Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell er eit nytt, innovativt og kunnskapsbasert opplæringsprogram som skal styrka tannhelsepersonell i sitt møte med barn i risiko. Opplæringsprogrammet skal bidra til auka bevissthet, kunnskap og kompetanse knytt til førebygging, avdekking, oppfylging og ivaretaking av barn og unge utsatt for vold, overgrep og vanskjøtsel. Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell, byggjer på forskingsfunn frå den longitudinelle studien gjennomført i den offentlege tannhelsetenesta i Noreg.

For å undersøkje effekten av Kunnskapsreisen er det gjennomført ein cluster randomisert kontrollert studie (C-RCT), på alle offentlege tannklinikkar i Vestland fylkeskommune. Kunnskapsreisen og tilhøyrande evalueringsverktøy blei pilotert på to tannklinikkar i 2021. Den cluster randomiserte kontrollerte hovudstudien inkluderte 58 tannklinikkar og blei gjennomført i 2022 og 2023.

Resultat og status:

Evalueringane frå deltakarane av Kunnskapsreisen, innhenta ei veke etter fullført kurs, er særs positive. 

C-RCT inkluderer data innhenta hhv ei veke før, ei veke etter og 6 mnd etter gjennomført Kunnskapsreise for testgruppa. For kontrollgruppa blei data innhenta i same tidsrom. Datainnsamlinga er no avslutta og arbeid med innsamla data pågår.