Jente leker med dukkehus. Foto

For Statens barnehus

Dei fleste Statens barnehus i Noreg har pr. i dag tannlegar som ein del av sitt tverrfaglege utgreiingsteam. Auka kunnskap og bevisstheit knytt til samanhengen mellom oral helse og vald, overgrep og vanskjøtsel har dei siste åra ført til ei auke i begjæring av rettsodontologiske undersøkingar ved Statens barnehus. Den rettsodontologiske undersøkinga blir i dag utført etter anmodning frå påtalemyndigheita, og har som hensikt å sikre bevis med tanke på ei mogleg framtidig rettssak. Organiseringa av Den offentlege tannhelsetenesta i Noreg med regelmessig innkalling av alle barn, gjev moglegheit for å fylgja den orale helsa og utviklinga hjå utsette barn.

For at barn skal få ivaretatt si orale helse er dei avhengige av at føresette gjennomfører dagleg munnhygiene og tar barna med til tannhelsetenesta ved skadar eller smerter i tennene. I tillegg er det viktig at føresette tar barna med til tannhelsetenesta når dei får innkalling til tannhelsekontroll. I Noreg er den orale helsa til barn og unge god hos dei aller fleste. I fylgje Statistisk sentralbyrå, syner data frå den offentlege tannhelsetenesta for 2022 at heile 94,8 % av 3 åringane, 81,3 % av 5 åringar og 44,9 % av 15 åringar aldri har hatt hull i tennene.

Forsking visar samstundes at barn utsett for vanskjøtsel, vald og overgrep har auka risiko for nedsett oral helse, auka behandlingsbehov, manglande oppmøte hjå tannhelsetenesta og auka sannsynlegheit for å utvikla tannbehandlingsvegring (1,3,4,5,6).

Alle barn har ein eigen journal i den offentlege tannhelsetenesta som inneheldt informasjon om barnets orale helse, oral historikk, traumeerfaring, behandlingshistorikk, oppmøtefrekvens på tannklinikken med meir. Tannhelsejournalen kan difor bidra med viktig informasjon om barnet og dets omsorgssituasjon over tid.

Under finst ei oversikt over kva tannhelsepersonell kan avdekka ved ei rettsodontologisk undersøking og ved å ha tilgang til barnet sin tannhelsejournal. 

Tilrettelagt tannbehandlingstilbod for barn og unge

Tannhelsepersonell kan som regel ikkje vita om eit barn er utsett for vald, overgrep eller vanskjøtsel, difor etterstreber tannhelsetenesta å ta i mot alle pasientar på ein traumesensitiv måte. Tannhelsetenesta har erfaring med å behandla pasientar som er utsett for tortur, overgrep og /eller som har odontofobi. For barn og unge som har behandlingsvegring kan tannhelsetenesta tilrettelegge og tilpassa behandlinga på barnet sine premissar, slik at barnet på sikt kjenner seg trygt og opplever mestring.

Tidleg avdekking av utsette barn og unge og tilpassa traumesensitiv tannbehandling vil auka sjansen for at barnet får ivaretatt si orale helse og bidra til å hindra utvikling av odontofobi. Ved at barnevernstenesta og tannhelsetenesta samarbeider godt, kan ein bidra til å hjelpa mange barn og unge. For meir informasjon, ta kontakt med barnet sin lokale tannklinikk.

Om Trygge Barn i Tannbehandling (TBiT)

Trygge Barn i Tannbehandling (TBiT) er eit behandlingstilbod for barn og ungdom mellom 8-18 år som har tannbehandlingsangst og/eller sprøytefobi i den grad at de ikkje meistrer ordinær tannbehandling. TBiT er ein del av Den offentlege tannhelsetenesta i Noreg, og behandlingen er gratis. TBiT starta som eit prosjekt i Trøndelag fylke ved Kompetansesenteret Tannhelse Midt (TkMidt) og er no under etablering i flere fylker i Noreg. I TBiT samarbeider tannhelsepersonell og psykologar med å hjelpe barn og ungdommar til å meistre tannbehandling.
Les meir på www.tbitinfo.no