For tannhelsetenesta

Barnehender holder fargeblyanter mellom hendene over et bord. Foto

Tannhelsepersonell har i fylgje Lov om helsepersonell §33 og Lov om barnevern §13-2 opplysningsplikt/ plikt til å melde frå til barnevernstenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsatt for alvorlege manglar ved den daglege omsorgen eller utsett for anna alvorleg omsorgssvikt (13, 15). I tillegg har tannhelsepersonell i fylgje Lov om tannhelsetenester, §1-3c ansvar for å forebygge, avdekke og avverje vald og seksuelle overgrep (14). 

Vald, overgrep og vanskjøtsel, føregår som regel i det skjulte og er ofte vanskeleg å avdekke. Under fylgjer nokre punkt som kan setta tannhelsepersonell i posisjon til å avdekka utsette barn og unge. 

  • Som einaste helseteneste innkallar den offentlege tannhelsetenesta barn og unge til regelmessig undersøking gjennom heile oppveksten, frå barna er 3 til 18 år. Dette gjer at tannhelsetenesta har anledning til å fylgja barna, deira utvikling og orale helse gjennom barne og ungdomsåra. Dersom ein opplever at eit barn eller ungdom plutseleg har store endringar i oral helse eller åtferd bør ein forsøka å kartleggje kva som ligg til grunn for endringa og om det er noko tannhelsetenesta kan gjera for å betra situasjonen.

  • Medan skadar på kroppen ofte heles og forsvinn av seg sjølv, er dei fleste skadar mot tenner, permanente og irreversible. Dette gjer at tannhelsepersonell kan oppdaga skadar, forårsaka av traume eller manglande oral hygiene over tid, uavhengig av om skaden er ny eller gammal (1,2,4). I tillegg er hovud-hals regionen spesielt utsett for skadar hjå barn som er offer for fysisk vald (2). Dersom eit barn eller ungdom har skadar på tenner, i munnhola, hovud, hals eller andre stadar på kroppen må ein alltid undersøkje og dokumentera skaden. I tillegg må ein kartleggje kva som har forårsaka skaden og når den har oppstått. Still opne og direkte spørsmål, gjerne til barnet og føresette kvar for seg. Stemmer skaden med barnet og føresette si forklaring, barnets alder og utvikling?

  • For at barn skal få ivaretatt si orale helse er dei avhengige av at føresette gjennomfører dagleg munnhygiene og tar barna med til tannhelsetenesta ved skadar eller smerter i tennene. I tillegg er det viktig at føresette tar barna med til tannhelsetenesta når dei får innkalling til tannhelsekontroll. Barn utsett for vanskjøtsel, vald og overgrep, har større risiko for nedsett oral helse, stort behandlingsbehov og manglande oppmøte hjå tannhelsetenesta (1,3,4,5,6).

    Dersom eit barn har nedsett oral helse, er det viktig å undersøka kva som kan vera årsaka til det. Kan det skuldast utviklingsforstyrringar, medisinske årsaker, eller skuldast det manglande oral hygiene og/ eller kosthald?

    Det må sikrast at føresette og barnet har god kunnskap om oral hygiene og kosthald. Informasjon og opplæring må formidlast i tråd med barnet og føresette sitt behov. Dersom det er språklege utfordringar, kan informasjonsbrosjyrer på ulike språk, tolk eller informasjonsfilmar nyttast. Barnet bør kallast inn til hygienekontrollar, slik at ein kan følgja barnets orale hygiene over tid. Tilfeller der ein ikkje ser betring i oral hygiene og eller der føresette gjentatte gongar ikkje tar barnet med til oppsette timar kan gje grunn til bekymring.

  • Personar som er utsett for seksuelle overgrep, kan ha større utfordringar med å ivareta si orale helse og/eller ta i mot tannbehandling enn befolkninga generelt (3,5). Spesielt gjeld dette dersom overgrepa har inkludert munnhola(3). Nokon kan ha problem med å ha tannbørste eller tannkrem i munnen og har problem med å ivareta dagleg oral hygiene. Andre kan ha eit overdrevent behov for å holda munnhola rein og pussar tennene ofte. Det å møta til tannhelsetenesta og motta tannbehandling kan vera utfordrande for ein del overgrepsutsette. Mange av situasjonane som oppstår på tannklinikken kan vera krevjande og gje flashbacks til overgrepssituasjonen. I tillegg til sjølve undersøkinga og behandlinga kan det å bli lagt bakover, mista kontrollen, få instrument inn i munnen, ha nokon tett innpå seg, lukter og lydar gje assosiasjonar og vera ekstra krevjande (3,7).

    Fylgjene av dette kan vera at den overgrepssutsette utviklar behandlingsvegring eller odontofobi. Dette kan gje seg ulike uttrykk hjå barn og unge. Nokon kan bli unormalt urolige og utagerande i tannbehandlingssituasjonen, medan andre kan bli unormalt rolige, medgjerlege og passive (3). Ein del vil unngå å komme i tannbehandlingssituasjonen og unnlet å møta til timer hjå tannhelsetenesta dersom det er mogleg. Det er viktig at tannhelsepersonell er bevisst på dette i sitt daglege virke. Det er avgjerande å etablera ein god og trygg relasjon til barnet og ungdommen. I tilfeller der ein opplever at eit barn eller ungdom har avvikande åtferd, eller ei plutseleg endring i åtferd så må ein stoppa opp og forsøka å avdekka kva som ligg til grunn for adferda. Still opne spørsmål.

RVTS har utvikla eit digitalt opplæringsprogram om samtalar med barn: Snakke med barn.no. Her kan ein trena på å stilla gode og opne spørsmål som aukar sannsynlegheita for at barnet opnar seg og fortel. Det er lagt vekt på samtalar ved bekymring for om barnet er utsatt for vald eller overgrep.

Illustrasjon frå Snakkemedbarn.no

Våg å stilla opne spørsmål

Undersøkingar syner at ein relativt stor andel barn og unge blir utsett for vald, overgrep og/ eller vanskjøtsel i løpet av barndommen (9,10,11), samtidig viser undersøkingar at det i snitt tar 17 år frå dei som blir utsett fortel nokon om sine opplevingar(12). Ein kan som regel ikkje vita om eit barn er utsett for vald, overgrep eller vanskjøtsel, difor må ein ta i mot alle pasientar på ein traumesensitiv måte. Ein må etablera god kontakt, visa interesse, jobba på barnet sine premissar og våga å stilla opne spørsmål knytt til funn eller åtferd som gjer ein bekymra for barnet.

Tannhelsepersonell er lovpålagt å senda ei bekymringsmelding til barnevernet, når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsatt for alvorlege manglar ved den daglege omsorgen eller utsatt for anna alvorleg omsorgssvikt (13, 15).

Dersom ein er i tvil om bekymringa er sterk nok til å utløysa opplysninsgsplikta/ meldeplikta, er det fleire instansar ein kan kontakta for å rådføra seg:

  • Tannklinikken: rådfør deg med ein kollega som og er behandlar av barnet, evt drøft bekymringa anonymt med ein kollega som ikkje er behandlar.

  • Barnevernstenesta: ta kontakt med lokalt barnevernskontor for å få drøfta saka anonymt.

  • Tverrfaglege konsultasjonsteam: mange kommunar har tverrfagleg konsultasjonsteam der fagpersonar kan ta kontakt dersom ein treng råd og ynskjer å få drøfta saker som gjeld mistanke om vald eller overgrep. Alle saker blir drøfta anonymt.

  • Statens Barnehus: dersom ein ynskjer å rådføra seg i saker som gjeld vald og overgrep kan ein ta kontakt med næraste Statens barnehus på telefon og drøfta saka anonymt.

Tilrettelagt tannhelsetilbod

TOO (tortur, overgrep, odontofobi) er eit tilrettelagt tannhelsetilbod til vaksne tortur-og overgrepsutsette og personar med sterk angst for tannbehandling (odontofobi). TOO-tilbodet er etablert i den offentlege tannhelsetenesta i alle fylker i Noreg.

Målet med TOO- behandlinga er å meistre tannbehandlingssituasjonen, slik at pasienten seinare kan fortsetta tannbehandling hos ordinær tannlege.

For meir informasjon sjå nettsida www.tooinfo.no