For helsestasjon

Barnehender, bygger med lego. Illustrativt foto til tekst. Tannhelserutiner, hull i tennene.

Tannhelserutinar blir etablert i barna sine fyrste leveår

Tannhelserutinar blir etablert i barna sine fyrste leveår og vedvarar gjennom oppveksten. For at barn skal ha ei god oral helse er dei avhengige av at deira føresette har kunnskap om oral hygiene og kosthald, samt gode daglege rutinar som ivareta barna sin munnhygiene (16). 

I tilfeller der helsestasjonen avdekker:  

  • avvik i oral utvikling 

  • manglande oppfylging og ivaretaking av oral hygiene 

  • behov for oppfylging av oral helse pga utviklingsforstyrringar eller medisinske årsaker

– er det viktig at helsestasjonen henviser barnet til offentleg tannklinikk slik at ein så tidleg som mogleg kjem i posisjon til å førebyggje, rettleie og følgje barnet si orale utvikling. 

Oral helse hjå barn og unge i Noreg

Den orale helsa hjå barn og unge i Noreg er stort sett veldig bra. Tannhelsedata frå Statistisk sentralbyrå frå 2022 syner at heile 94,8 % av 3 åringane, 81,3 % av 5 åringar og 44,9 % av 15 åringar aldri hatt hol i tennene.

Helsestasjonen er ein viktig bidragsytar til at barna si orale helse er så god.

Barn i Noreg utan hol i tennene. 2022

Dessverre får ikkje alle barn ivaretatt si orale helse på ein tilfredstillande måte, og ikkje alle barn blir tatt med til tannklinikken og får oppfylt sin rett til regelmessige tannhelsetenester. 

I følgje tal frå Statistisk sentralbyrå for 2022,er det for aldersgruppa 3-18 år, 5875 barn og unge som ikkje har blitt tatt med/ ikkje har møtt til undersøking og behandling i den offentlege tannhelsetenesta i Noreg. I same periode har 0,3 % av 3 åringane, 1.3 % av 5 åringane og 1,8 % av 15 åringane i Noreg hol i meir enn 9 tenner. 

Barn i Noreg med hol i meir enn 9 tenner. 2022

Fylgjer av nedsett oral helse 

Nedsett oral helse og hol i tennene kan m.a. medføra:

  • smerter 

  • søvnvanskar

  • konsentrasjonsvanskar

  • vanskar med å spise

  • dårlig smak i munnen

  • dårlig ånde/lukt

  • stigmatisering/mobbing

  • orale utviklingsforstyrringar

I tillegg er skadar og hol i tenner permanente og irreversible. 

Det er viktig at helsestasjonstenesta har kunnskap om og fokus på barn si orale helse. 

Oral helse hjå utsette barn og unge

Forsking viser at barn utsett for vanskjøtsel, vald og overgrep, har større risiko for nedsett oral helse, hull i tennene, stort behandlingsbehov, manglande oppmøte hjå tannhelsetenesta og utvikling av tannbehandlingsvegring eller tannbehandlingsangst (odontofobi) (1,3,4,5,6). 

I tilfeller der helsestasjonen avdekkjer dårleg munnhygiene, hull i tennene, tannskadar, eller at barnet har utfordringar med å pussa tenner og motta tannbehandling bør det, i samarbeid med føresette, etablerast tett samhandling mellom helsestasjonen og barnet sin tannklinikk. På den måten kan ein leggja til rette for tverrfagleg tilrettelagt behandling og oppfylging til beste for barnet. I tilfeller der opplysningsplikta §33 i Helsepersonell lova er utløyst skal det sendast varsel til barnevernstenesta (13).