Kunnskapsreisen

Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell er eit nytt og innovativt opplæringsprogram som skal styrke tannhelsepersonell i sitt møte med barn i risiko. Opplæringsprogrammet skal bidra til auka bevissthet, kunnskap og kompetanse knytt til førebygging, avdekking, oppfølgjing og ivaretaking av barn og unge utsatt for vold, overgrep og vanskjøtsel. Ved at tannhelsepersonell blir tryggare i møtet med barn og unge med kjent og ukjent traumeerfaring, bidrar Kunnskapsreisen til gode pasientopplevingar og reduserar utvikling av odontofobi.

Innovativ, variert og engasjerande læring

Kunnskapsreisen er kunnskapsbasert og utvikla gjennom den nye metoden educational storytelling. Ved å kombinere dokumentarfilm, fagintervju, forsking, refleksjon og drøftingar med eigne erfaringar frå tannklinikken, føregår læring på ein ny, variert og engasjerande måte. 

Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell, byggjer på forskingsfunn frå den longitudinelle studien gjennomført i den offentlege tannhelsetenesta i Noreg. I tillegg er effekten av opplæringsprogrammet under evaluering gjennom ein cluster randomisert kontrollert studie (C-RCT)

Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell er utvikla av dokumentarfilmselskapet Sant & Usant og Educational storytelling i samarbeid med Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland.

Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell gjev 6 poeng i Norsk tannlegeforening (NTF) sitt etterutdanningssystem. 

Les her om effektstudie av Kunnskapsreisen.

Viktig tema som er tøft og sårbart for oss alle.
— Deltakar på Kunnskapsreisen
Jeg synes det faglige innholdet var veldig lærerikt og relevant for oss. Det gjør at vi fokuserer mer på det og blir påminnet hvor viktig det er.
— Deltakar på Kunnskapsreisen:
Veldig stort utbytte.
— Deltakar på Kunnskapsreisen:
Stolt av å vera ein av dei utvalgte klinikkane, men det gjev oss også eit årvåkentblikk av oss sjølv, klinikken og kollegaer.
— Deltakar på Kunnskapsreisen:
Veldig godt å få ei felles forankring på klinikken. Gode diskusjonstema.
— Deltakar på Kunnskapsreisen:
Fikk mer å reflektere over, startet gode diskusjoner på klinikken.
— Deltakar på Kunnskapsreisen:
Faglig bra innhold, flere gode knagger å henge ting på og gode verktøy til å nærme oss de barna som kan være utsatt for overgrep.
— Deltakar på Kunnskapsreisen:
Fikk faglig påfyll og ble minnet på viktigheten å være enda mer på vakt i møte med pasientene og hvilket signaler de sender.
— Deltakar på Kunnskapsreisen:

Ynskjer du informasjon om korleis din arbeidsplass kan bruke ei av våre kunnskapsreiser? Ta kontakt med oss.

Implementering

Offentlege tannhelsetenesta

Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell er gjennomført på alle offentlege tannklinikkar i fylka Vestland, Innlandet og Trøndelag i 2022 og 2023. 

Som eit ledd i vidare implementering og opplæring i den offentlege tannhelsetenesta i Noreg, blei det hausten 2023 gjennomført ein todagars workshop. Inntil tre representantar frå kvart fylke deltok. Desse er ansvarlege for gjennomføring av Kunnskapsreisen i sine respektive fylker. Mange fylker skal i gang med Kunnskapsreisen våren 2024.

Utdanningsinstitusjonar

RETHOS – Nye retningslinjer for helse og sosialfaglege utdanninger 

I tråd med nye retningslinjer for helse og sosialfaglegeutdanningaer, RETHOS, skal tematikken knytta til vald, overgrep og vanskjøtsel inn som ein del av studieplanen for helse og sosialfaglege utdanningar. 

Kunnskapsreisen er heilt i kjerneområdet for RETHOS og eit godt reiskap for å sikra helse og sosialfaglege studentar kunnskapsbasert opplæring på eit utfordrande og komplekst tema. 

Utdanningsinstitusjonar og anna tannhelsepersonell som ynskjer å ta i bruk Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell, eller som ynskjer meir informasjon ta kontakt.

Tannhelse — Educational Storytelling

I samarbeid med kunstnaren Bjor Grønner og Emilie frå dokumentaren Alt det jeg er, er det i forbindelse med Kunnskapsreisen laga eit bilete som kan henga på tannklinikkane som har gjennomført Kunnskapsreisen.  

Emilie valgte ordet TRYGG, då ho skulle ynskja at ho sjølv hadde følt seg trygg nok til å fortelja om overgrepa ho var utsett for mykje tidlegare. 

Målet med biletet er å signalisere til barn at dei har rett på å vera trygge, at tannklinikken er ein trygg plass, samstundes som det minnar tannhelsepersonell på den viktige rolla dei har i møte med pasientar. Alle tenester som gjennomfører Kunnskapsreisen får tilgang til biletet.