Telemark fylkeskommune har ekstra fokus på pasientar med vegring for tannbehandling
Tannpleiar Vårin Larsen, tannhelsesekretær Andrea Preuss Sigurdsen, tannlege Ellen Samuelsen Giæver og fylkestannlege Live Lid Breiland
Telemark tannhelseteneste hadde i samarbeid med Barn i risiko og oral helse prosjektet to dagars workshop i mars 2026, knytt til vidareføring av Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell. I Telemark skal tannpleiar Vårin Larsen, tannhelsesekretær Andrea Preuss Sigurdsen og tannlege Ellen Samuelsen Giæver ha ansvar for opplæring og gjennomføring av den nye Kunnskapsreisen med tittel: I møte med sterk tannbehandlingsangst.
Under workshopen fekk dei innsikt i det nye opplæringsprogrammet. Saman fekk ein drøfta spørsmål, delt idear og erfaringar og diskutert korleis det kunne gjennomførast på best måte i Telemark. Workshopen danna grunnlag for vidare arbeid og det blei skissert ein plan for eit årshjul. Ansvarleg for workshopen var Tone G Glenne , Karin G Berge og Ingfrid V Brattabø.