Landsforeningen for barnevernsbarn medverkar i nytt samarbeidskapittel i Kunnskapsreisen

Landsforeningen for barnevernsbarn

Fagleiar i Landsforeningen for barnevernsbarn, Shimron Mohd medverkar i nytt og innovativt samhandlingskapittel i Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell. Kapittelet har som mål å bidra til auka tverrfagleg kunnskap, forståing og samarbeid mellom tannhelsetenesta og barnevernstenesta. Shimron er utdanna tømrar og barnevernspedag. Han har i tillegg til arbeidserfaring frå barnevernstenesta, sjølv erfaring frå ein oppvekst under barnevernet sin omsorg. Med bakgrunn i sin kompetanse og erfaring belyser Shimron viktige utfordringar og problemstillingar i det nye kapittelet. Han kjem med gode innspel til korleis barnevernstenesta, institusjonsbarnevernet og tannhelsetenesta kan bli flinkare til å jobba saman til beste for born og unge. Det nye kapittelet er ei oppfølging av Kunnskapsreisen mot vold og overgrep og har tittel: Det viktige samarbeidet - tannhelsetjenesten og barnevernet.

Shimron Mohd

Fagleiar i Landsforeningen for barnevernsbarn.

Neste
Neste

Telemark fylkeskommune har ekstra fokus på pasientar med vegring for tannbehandling